Kva år går vi inn i?Språkdirektør Sylfest Lomhem meiner at vi ved årsskiftet går inn i år ”to tusen og ti”, medan andre språkbrukarar hevdar at neste år må vere år ”tjue ti”. Med tanke på at det berre er nokre veker att til årsskiftet, hastar det såleis med å kome fram til ei semje om dette. Limerick-sone på OrigoLIMERICK (og andre vers) er no oppretta som eiga sone på Origo. Dette er sona for alle oss som puslar med rim og rytme. Ver med på å spreie den gode humorEtter ei varm tilråding frå Håkon Bergum frå Jølster vågar eg meg frampå med denne meldinga: Test den nye sona NORSK HUMOR, delta med ditt og gjer vidare kjend for dine kontaktar dette nye forum for den gode humor i landet. 100 spørsmål om Dale (1)*Kva veit du og dine om Dale i for- og notid, om naturen og om dei som bur eller har budd her? Dette vil eg her teste ut gjennom ei rekkje spørsmål, og me tek til med dei 20 første. Vert dette ein suksess, har eg 80 til ”på lager”. Dei 20 neste vert i så fall publiserte om kring 4 veker. Vaksdal Internasjonale Korfestival?![]() Korleis kan me gjere bygda vår meir kjend og meir interessant for fleire? Spørsmålet er lufta mange gonger. Og ja; me har levd lenge på folks kunnskap om Heilo garn, laken med forsterka midtstykke og det sikre mjøl frå Vaksdal. Men slikt gjer liksom ikkje “susen” lenger. Framleis er Vaksdal kommune for folk flest kjend først og fremst som ein transportetappe mellom Bergen og Voss. Den som veit litt meir, kjenner til at bygda vår i meir enn 100 år har hatt eit rikt song- og musikkliv, og då nærmar eg meg det poeng eg gjerne ser drøfta vidare både i denne sona og folk og folk imellom på Dale, Vaksdal, Stanghelle, Stamnes og alle andre krokar av ei bygd som i vår mediafokuserte kvardag altfor lenge har levd sitt smålåtne liv i skuggen av Voss. Skrivekurs på Dale - for tredje året på radHenning Bergsvåg held fram med skrivekurs på Dale, i år for tredje gongen på rad. KuldegraderDen første helga i januar var ei kald helg mange stader. Til dømes kraup gradestokken langt under ti kalde minusgrader i Øyane og Hesjedalen. | |||||||||||